OBS: NY DATO: onsdag 13.september kl 20.00
Uformell samling og oppvarming til Festspela. Her blir det høve til ein hyggeleg prat, det blir quiz og sjølvsagt musikk.
I år byr vi på ein ny vri, og inviterer gjestane våre til å teste kunnskapen sin om musikk. Her kan du få vise det du kan om både Beethoven, Sting, John Williams, vaskemiddelreklame og Grieg. Og innimellom nokre musikalske godbitar. Såklart. Det vert sjølvsagt høve til å kjøpe seg forfriskiningar i dei hyggelege lokala hjå Havila Hotel Geiranger.
Vi sjåast til ein hyggeleg kveld og ei uformell oppvarming til Festspela.
Fri entré.