Kulturvandring til Westerås gard

Bli med på kulturvandring frå Hotel Union til Westerås gard i forkant av Fjellgardkonserten. Turleiar Terje Rusten tek oss med langs Fosseråsa, gjennom eit landskap der natur, historie og kultur møtest.

Turen blir ein fin inngang til konserten på Westerås – med tid til å oppleve Geiranger på nært hald før musikken tek over.

Start: Utanfor Union Geiranger kl 12.30.
OBS: turfølgjet ventar til Festspelagudstenesta er ferdig
Turleiar: Terje Rusten
Rute: Fosseråsa til Westerås gard