Vi inviterer til eit møte med kunstnaren Simon Wågsholm, som stiller ut verka sine i utstillinga Imprints på Norsk Fjordsenter. Utstillinga utforskar korleis landskap har blitt endra – frå dei langsame kreftene som vatn og is, til dei raskare endringane som kjem av menneskeleg påverknad. Simon vil snakke om bakgrunnen for fleire av verka sine og stille spørsmål om konsekvensane av desse endringane.
Vel møtt til eit interessant og tankevekkande møte! Fri inngang.