Festspela inviterer born og unge og gjev dei høve til å utvikle seg! For fiolinistar og felespelarar vert det ei flott anledning til å spele for og med Ragnhild Hemsing.

Ragnhild Hemsing er ein felespelar med eit bein i begge leirar, og er ein meister i både klassisk og folkemusikk. Hardingfela ho spela på har ein gong vore Ole Bull si. Ragnhild turnerer rundt i Europa og verda og er ein ettertrakta konsertfiolinist. Vi oppmodar både klassiske fiolinistar og folkemusikarar til å melde seg på her.

Martin Bredin er svært erfaren pianist og pedagog, og ein engasjerande lærar. Festspela inviterer unge pianistar i regionen til ei anledning der dei kan lære og utvikle seg saman med ein engasjerande lærar og andre ungdomar med same interesse.