Nordic Tenors kjem til Festspela i Geiranger
Laurdag 3. oktober kjem Nordic Tenors til Festspela i Geiranger. Kva dei skal gjere, held vi litt hemmeleg enno – men vi kan love at det blir feststemt, utanom det vanlege og ei smakfull utvikling for Festspela.
Nordic Tenors er kjende for vakker song, lun humor og musikalske overraskingar. No kjem dei til Geiranger for å vere med på Festspela 2026. Trioen har i mange år begeistra publikum over heile landet med ei blanding av klassisk song, underhaldning og glimt i auget. Dei har stått på store scener, sunge for kongelege, vore med på opninga av Operahuset i Oslo og bygd opp ei av Noregs mest populære julekonsertturnear.
Når Nordic Tenors kjem til Festspela, blir det ikkje berre ein vanleg konsert.
– Vi har lenge hatt lyst til å gjere noko med Nordic Tenors i Geiranger. Dei har ein kombinasjon av kvalitet, varme og humor som passar veldig godt til Festspela. Samstundes ønskjer vi å utvikle festivalen vidare, og dette blir eit steg i ei ny og spennande retning.

Kva formatet blir, vil Festspela vente litt med å røpe. Men publikum kan vente seg ein laurdagskveld med stor stemmeprakt, god stemning og ei oppleving som skil seg frå det ein vanlegvis møter i konsertsalen.
– Vi kan ikkje seie alt enno, men vi kan seie at dette blir feststemt og utanom det vanlege. Nordic Tenors er meisterlege på å kome tett på publikum, og vi gler oss stort til å sleppe meir informasjon ganske snart. Konserten med Nordic Tenors blir laurdag 3. oktober, så vi oppfordrar publikum til å halde av datoen og vere klare når billettane blir lagde ut.
Festspela i Geiranger 2026 byr dermed på både store kammermusikalske opplevingar, musikalsk humor og nye format i verdsarvbygda. Meir program blir kunngjort fortløpande.



