I 2025 er det hundre år sidan Nynorsk Salmebok blei utgitt – eit verk som har sett djupe spor i både kyrkjeliv, språk og musikktradisjon i Noreg. Den nynorske salmeboka fekk svært mykje å seie for nynorsk som kyrkjemål og for nynorsken som samfunnsberande språk.
Nynorsk salmebok var i si tid eit resultat av både språkstrid og strategi. Anders Hovden og Bernt Støylen, begge frå Sunnmøre, var sentrale aktørar både på vegner av kyrkja og nynorsken.
Dette arrangementet markerer jubileet med salmar, refleksjonar, og tonar som speglar både historia og aktualiteten til denne unike salmeskatten.

Markeringa er eit samarbeid mellom Stranda Mållag og Festspela i Geiranger.

Medverkande:
Skodje kyrkjekor, dir Tom Gontier
Per Halse, professor Høgskulen i Volda
Fleire medverkande vert kunngjort

Tid: Laurdag 27. september, kl. 12.00
Stad: Geiranger kyrkje
Billettpris: tba