Løys på snippen, fyll opp glaset, len deg tilbake og opplev humor og drama frå operalitteraturen frå ein djup lenestol eller frå barkrakken. OperaPub er ein nydeleg måte å oppleve opera på – uansett om det er nytt for deg, eller du brenn etter et gjenhør med gamle favoritt-arier. Vi garanterer hyggefaktor og uformell stemning!
Medverkande:
Hallvar Djupvik er fødd og oppvaksen i Tomrefjord. Etter si utdanning på Operaakademiet i København har han vore solist på Den Norske Opera og Ballett, gitarist og songar i bandet Polkabjørn og Kleine Heine og fått mange års erfaring som kyrkjesongar/musiker i Oslo. Han har motteke ei rekke stipend og prisar, mellom annet Shells musikkteaterstipend i 2010.
Stephanie Lippert er mezzosopran frå Norrtälje i Sverige, utdanna ved Operaakademiet i København. I november 2010 gjorde ho sin debut som “Anna” i Det Kongelige Teater si oppsetting av Nabuccco, dirigert av Per Giorgio Morandi. Som frilans operasongar har ho sunge roller i Norge, Danmark og Sverige, mellom anna «Tatjana» i Eugene Onegin, «Susanna» i Figaros bryllup og «Marguerite» i Faust.
Med seg har dei den eminente Martin Bredin på piano. Martin er pianist, dirigent, komponist og korleiar. Etter studie for Jiri Hlinka i Bergen og Oslo har han e ei årrekke jobba som repetitør ved Operaen i Kristiansund. Han er mykje nyttja som kapellmeister og arrangør, og som orkester- og kordirigent internasjonalt.
Tid: Laurdag 28. september 2024 kl. 22.00
Stad: Foajeen til Geirangersalen