Festspelkunstnar 2022 er Ola Une Ferstad Liland. Ferstad Liland er frå Ålesund, men bur og arbeider no i Geiranger. Der driv han Geiranger Galleri i sommarhalvåret, med formidling og sal av både eigne arbeid og arbeid frå andre etablerte vestlandskunstnarar. Resten av året kombinerer han arbeid på atelieret, utstillingar, prosjekt og lange utanlandsopphald.

Ferstad Liland blir karakterisert som ein figurativ kolorist. Motiva er for det meste abstrakte og som oftast fargerike. Han arbeider både med maleri på lerret, med grafikk og med mixed media grafikk.

Liland har kunstfagleg utdanning frå Volda, Warszawa og Ljubljana. Sidan 1983 har han hatt ei lang rekke separat- og kollektivutstillingar både i inn- og utland. Han er fast representert i fleire galleri, og innkjøpt til mange offentlege og private rom. Kunstnaren har hausta mange lovord og har hatt fleire studiereiser og arbeidsopphald utanlands, mellom anna i dei europeiske landa, i USA, Tyrkia, Japan, Sør-Amerika, Marokko, Borneo, Japan og Galapagos. Han har fått polsk og jugoslavisk statsstipend i tillegg til ulike stipend og legat i Noreg.

På Festspelsutstillinga stiller Liland ut eit rikt utval av måleri, grafikk og mixed media grafikk. Vi ynskjer vel møtt til ei flott utstillingsopning der kunstnaren sjølv er til stades, og med kunstnarisk innslag frå folkemusikaren Thea Marie Ytterdal.

***

Tid: Torsdag 29. september 2022 kl. 19:00

Stad: Geiranger Galleri

Gratis entré