Oslo strykekvartett og Kåre Nordstoga opnar Festspela i Geiranger 2026
–
Vi er glade og stolte over å kunne fortelje at Festspela i Geiranger 2026 opnar med Oslo Strykekvartett og Kåre Nordstoga i Geiranger kyrkje.
Her får publikum møte musikarar av ypperste klasse i eit rom som kler både strykarklang og orgelprakt. Oslo Strykekvartett er eit av Skandinavia sine mest anerkjende kammerensemble, kjent for levande formidling, sterkt samspel og eit repertoar som spenner frå klassiske meisterverk til nordiske tonar og musikalske overraskingar.

Med seg på opningskonserten har dei Kåre Nordstoga, ein av Europas fremste konsertorganistar. Etter eit langt virke som domorganist i Oslo domkyrkje og med konsertar over heile Europa, er han ein musikar med både stor virtuositet og ei djup forståing og nærvær i musikken han formidlar.
Saman opnar dei Festspela med ein konsert der kammermusikk, orgel og kyrkjerommet i Geiranger får møte kvarandre på nært hald.

