Rohini Sahajpal er ein av landets fremste utøvarar på det indiske strenginstrumentet sitar. Som utøvar innan klassisk indisk musikk i fjerde generasjon i sin familie, er ho ein viktig tradisjonsberar – samtidig som at ho stadig fornyar seg gjennom ei rekkje sterke samarbeid i Noreg og utlandet. Fleire vil nok dra kjensel på namn som Arve Tellefsen, Trygve Seim, Jon Balke, Bendik Hofseth og Transjoik. 

Gje deg sjølv ein unik start på dagen i lokalet Spissen på Norsk Fjordsenter, med vakre tonar frå sitaren til Rohini. Konserten varar i om lag 40 minutt.

***

Tid: Søndag 02. oktober 2022 kl. 09:00
Stad: Norsk Fjordsenter
Billettpris: Kr. 120/50
Billettar kan også kjøpast fysisk i resepsjonen på Hotel Union Geiranger (tlf 70 26 83 00 / e-post geiranger@hotelunion.no) og i resepsjonen på Havila Hotel Geiranger (tlf 70 26 30 05 / e-post booking@hotel-geiranger.no)