Festivaltilbod på Fjordcruise

Spesialtilbod på Festspelcruise frå Ålesund til Geiranger

Fredag 2. oktober kan publikum starte Festspela allereie på fjorden. Geiranger Fjordservice tilbyr festivalrabatt på båtreisa frå Ålesund til Geiranger med Geirangerfjord III – og om bord blir det levande musikk med ungdomsorkesteret Indre Strøk og musikarar frå Ålesund Strykekvartett.

Ungdomsorkesteret Indre Strøk (arkivfoto)

Kva med å la festivalhelga starte før du kjem fram?

Fredag 2. oktober kl. 08.30 går Geirangerfjord III frå Ålesund til Geiranger. Undervegs får publikum oppleve levande musikk om bord, når ungdomsorkesteret Indre Strøk spelar saman med musikarar frå Ålesund Strykekvartett.

På programmet står mellom anna nordiske folketonar og norske viser – musikk som passar godt til reisa inn fjorden og landskapet som opnar seg undervegs.

Rabatten gjeld desse avgangane:

Torsdag 1. oktober
Ålesund–Geiranger kl. 08.30–11.30
Geiranger–Ålesund kl. 16.00–19.00

Fredag 2. oktober
Ålesund–Geiranger kl. 08.30–11.30

Laurdag 3. oktober
Geiranger–Ålesund kl. 16.00–19.00

– Dette er ein fantastisk måte å kome til Festspela på. Her får publikum oppleve fjorden, høyre levande musikk og kome fram til Geiranger klare for ei heil helg med konsertar, folkeliv og gode møte, seier festivalsjef Gunnar Inge Eide.

Festspelcruiset er eit samarbeid mellom Festspela i Geiranger og Geiranger Fjordservice. I samband med festivalen tilbyr Geiranger Fjordservice 50 prosent rabatt på utvalde éinvegsbillettar mellom Ålesund og Geiranger.

For festivalpublikum som kjem frå Ålesund, gir festspelcruiset ein roleg og vakker start på helga. I Geiranger ventar eit tett program med mellom anna Oslo Strykekvartett, Kåre Nordstoga, Eva Weel Skram, Nordic Tenors, Britt Pernille Frøholm, Pub-kor, Barnas Festspel, haustmarknad og fjellgardkonsert.

Geiranger har gode overnattingsmoglegheiter både på hotell og hytter, og med båt inn fjorden ligg alt til rette for ei heil festivalhelg i verdsarvbygda.

Festspelcruise frå Ålesund til Geiranger
Tid: Fredag 2. oktober kl. 08.30–11.30
Båt: Geirangerfjord III
Musikk om bord: Indre Strøk og musikarar frå Ålesund Strykekvartett
Festivalrabatt: 50 prosent på utvalde éinvegsbillettar, bruk rabattkode FEST
Meir informasjon og billettar: Sjå Silent Fjord Cruise from Ålesund to Geiranger