Festspela er opptekne av godt tilgjenge for alle og arbeider kontinuerleg for dette. Her vil du finne informasjon vi håpar er nyttig. 

Har du andre spørsmål, ta kontakt med Gunnar Inge Eide på telefon 93 04 91 85, eller epost post@festspel.no

LEDSAGARBEVIS
Festspela i Geiranger aksepterer ledsagarbevis på alle arrangement. Ledsagar med gyldig ledsagarbevis bestiller billett i ticketco.no og betalar ikkje noko for denne. Ta gjerne kontakt på førehand dersom du er rullestolbrukar slik at vi kan førebu plass til deg.
Billettar kan kjøpast på www.ticketco.no, via heimesida vår www.festspel.no og under festspela også frå infostand i resepsjonen på Hotel Union og i festivalgata under marknaden laurdag.

TELESLYNGE
Sjå informasjon under den enkelte arena. Dersom det ikkje står noko, er det ikkje teleslynge tilgjengeleg.


VÅRE ARENAER:

HOTEL UNION, GEIRANGERSALEN
Geirangersalen ligg i Hotel Union. Her vil dei to største konsertane finne stad.  Inngang er frå Vinjevegen, og det er HC-parkering rett utanfor inngang. Det er trinnlaus adkomst frå inngangsdør og inn i salen, men noko motbakke frå hovudveg og til inngangsdør. Avstand frå næraste busshaldeplass, ved hovudinngang Hotel Union, er 150 meter. Det er også mogeleg å kome inn via hovudinngangen på hotellet, som har rampe. Ta då kontakt med infostand eller hotellresepsjon for trinnlaus tilgang til Geirangersalen.
HC-toalett fins inst i foajeen utanfor konsertsalen, i motsett ende i høve inngang frå Vinjevegen.
Teleslynge i fremre halvdel av salen.

HOTEL UNION, FOAJEEN
Foajeen ligg rett utanfor Geirangersalen. Inngang er frå Vinjevegen, og det er HC-parkering rett utanfor inngang. Det er trinnlaus adkomst frå inngangsdør og inn i salen, men noko motbakke frå hovudveg og til inngangsdør. Avstand frå næraste busshaldeplass, ved hovudinngang Hotel Union, er 150 meter. Det er også mogeleg å kome inn via hovudinngangen på hotellet, som har rampe. Ta då kontakt med infostand eller hotellresepsjon for trinnlaus tilgang til Geirangersalen.
HC-toalett fins inst i foajeen utanfor konsertsalen, i motsett ende i høve inngang frå Vinjevegen. 

DALSNIBBA / Geiranger skywalk
For fjellkonserten på Dalsnibba vert det sett opp buss med rullestolplass. Bussen har avgang utanfor Norsk Fjordsenter. Næraste haldeplass for offentleg kollektivtransport er utanfor Hotel Union, omlag 100 meter gangavstand.
På Dalsnibba  er det trinnlaus tilgang via rampe inn i kafeen/butikken. Dei gongane konserten er i “Storstova” har ein tilgang dit med heis frå butikklokalet. Sameleis har ein tilgang via heisen til HC-toalett.

NORSK FJORDSENTER
Det er trinnlaus inngang til Fjordsenteret, og både HC-toalett og anna toalett finst inst i lokalet. For arrangement inne i kinosalen er det plass til rullestol på øverste rad, ved inngang. Næraste haldeplass for offentleg kollektivtransport er utanfor Hotel Union, omlag 100 meter gangavstand.

M/F GEIRANGERFJORD
Båten ligg ved kai ved pir 1 i Geiranger sentrum. Næraste busshaldeplass ligg 140 meter unna, på nordaustsida av vegen, tvers overfor Hydro. Det er rullestoltilgang ombord på båten, både i salong og på bakre dekk, men ikkje på øvre dekk. Ta direkte kontakt på førehand dersom du har ein stor rullestol (t.d. elektrisk). Det er HC-toalett i bakre ende av salongen. 

HAVILA HOTELL GEIRANGER
På Hotell Geiranger nyttar vi i hovudsak 7.etg som konsertlokale. Beste inngang for rullestolbrukar hit er trinnfri inngang via resepsjonen, og heis opp i 7.etg. Øvrig publikum går via inngang frå Geirangervegen. Denne er skilta.
HC-toalett er i 6.etg, ein tek då heisen ned.
Næraste busshaldeplass ligg 220 meter unna, på nordaustsida av vegen, ovanfor Hydro.

GEIRANGER KYRKJE
Geiranger kyrkje har rullestolrampe, og det er ein lav dørstokk inn i kyrkja. Plass for rullestol fins i fremre venstre halvdel av kyrkjerommet. Frå vegen og ned til kyrkja er det omlag 70 meter ned ein bakke med grusveg. Næraste haldeplass for offentleg kollektivtransport er utanfor Hotel Union, omlag 300 meter gangavstand. HC-toalett fins i bygg 40 meter frå kyrkja, også her med grusveg. Teleslynge er montert i kyrkja. Den vert brukt til tale, men vert normalt ikkje nytta til akustisk musikk. 

GÅGATA/HAUSTMARKNAD
Haustmarknaden ligg i gågata i Geiranger sentrum. Det er trinnfri tilgang til alle bodene, og gata er asfaltert. Næraste busshaldeplass ligg omlag 140 meter unna, på nordaustsida av vegen, ovanfor Hydro. 

PARKERING
Det fins parkeringsplassar både i sentrum og ved Hotel Union og Norsk Fjordsenter. I sentrum er det ikkje eigne HC-plassar.